Godt meint, men dårleg gjort
Ja, mykje og mangt kan meinast / om ko som er sant og rett.
Alle kan ikkje einast; / vi er ulike, rett og slett.
Refr.
Til deg som har funne svaret / og vil så gjerne lære det bort.
Du har ei god meining bak det, / men eg syns det er dårleg gjort!
Du har din overbevisning. / Ingen forskning kan rokke ved den.
Di tru og di meining / trumfar vitenskapen.
Refr.
Du har ingen tiltru til makta. / Du meiner dei er kjøpt og betalt.
Benekter anerkjente fakta. / Seier «nei» når du blir anbefalt.
Refr.
Du ville endre mitt standpunkt / om politikk og religion.
Du syns eg var naiv og lettlurt / som ikkje delte din posisjon.
Refr.
Du har åpenbart trangen / til å vinne einkvar diskusjon.
Du avfeier nok denne sangen. / Som maktdemonstrasjon.
Refr.
Tekst og melodi: Terje Tilden.
Terje Tilden: Vokal, gitar, munnspill.
Jan Tandberg: Bass, trommer/perkusjon, trekkspill.
Tone Martha Eriksen: Vokal, piano.
Håkon Skagen: Saksofon.
Erling Sandberg: Elgitar.