Ein god dag
Vakna tå morgon-gry
Her kjem ein urørt dag, heilt ny!
Kor blei draumen tå?
Å hugse den, det finst ‘kji råd.
Kjenner meg opplagt, med friskt mot
Te å gyve laus på alt mitt rot
Har planen klar; det ska’ gå bra
Kaste, men óg ivareta
Ko mykje må eg ha?
Valg som eg må ta
Det vil gjer’ meg gla.
Slek ein fine dag!
Har ‘kji vondt tå noko slag!
I gjår var eg mørk og trist
No er eg jammen optimist!
Krav og motstand kan eg ta
Skal klare å «stå han av»
Møter folk på min veg
Som er rause, gjev tå heile seg
Og som trur på meg
Då får eg ting te’
Då trur eg på deg.
Minnast ei svunnen tid
Ja, på alt som er forbi
Tenker på framtida
Å ikkji veta, er vel bra
At eg lever, og er frisk
Her vi bur er liten risk
Eg har alt det som eg treng
Har folk rundt som heiagjeng
Angen frå ei sommar-eng
Lyden frå ein gitarstreng
Barnet i si seng.
Så er kvelden her
Set meg inn-te deg, så nær
Treng ‘kji seia stort
Dagens jobb er unnagjort
Heldt i lag i mange år
Overvunne vonde sår
Formen kjennes mjuk og fin
Ute er det måneskin
Skjenka i litt vin
Veit at du er min
Og eg er din.
Tekst og melodi: Terje Tilden.
Terje Tilden: Vokal, gitar.
Jan Tandberg: Bass, trommer/perkusjon.
Tone Martha Eriksen: Vokal, piano.
Håkon Skagen: Bratsj.
Erling Sandberg: Synthesizer, orgel, elgitarer.