Skip to main content

Du er fri

Mange har skrive sanga om heimen dei forlot.
Vil på attgrodd sti setta fot.
På leiting etter minner frå der ein slo rot.
Identitet er sjelebot.

Refr.

Barndommens minner, kva skal vi med dei?
Det er her og no vi peiler ut vår lei.

Draumen om eit gjensyn med allting slik det var.
Den gongen med søsken, mor og far.
Men endring har skjedd, og tida mangt den tar.
Kor vart det av, mitt fotefar?

Refr.

Å drøyme om gamle daga, det hjelp ikkje så stort.
Nostalgi kjem lett te kort.
Så, denne sangen handla om å reise bort.
Ja, skap ditt eige liv, og gjer det fort!

Refr.

Kanskje må du skuffe dei som håpte du ville bli?
For du har funne din eigen sti.
Du er den som styrer det som inngår i di tid.
Vær kaptein på din båt, - då er du fri!

Refr. (x2)


Tekst og melodi: Terje Tilden.

Terje Tilden: Vokal, gitarer, munnspill.
Jan Tandberg: Bass, trommer/perkusjon.
Tone Martha Eriksen: Vokal, piano.
Håkon Skagen: Bratsj, saksofon.
Ole Ask: Lapsteel-gitar.