Skip to main content

Bæ, bæ, lille lam

Eit album har eit bilde frå då eg var tre
Det'er noko ved motivet som ikkje gjev meg fred
Når eg vil det minnast så er det meste vagt
Så det som her skjedde, det hugsar eg berre svakt.

Refr.

Det er eit svart-kvitt bilde tå storebror og meg
Han er åtte år, eg er berre tre
Vi sit der i graset, heimen like ved
Han har eit lam i fanget, med det har ikkje eg

Storebror og meg i en eng

Ja, far vår med kamera han gav sin instruksjon:
"Sit slek", "sjå dit": Ein rar situasjon.
"Hent hit dei lamma, og gje så eit te' kvar"
"Då må du halde fast, ja, vis at du er kar!"

Refr.

Så heldt vi dei lamma mens far rigge se te'
Han var treg, lammet sterkt; eg makta 'kje halde det
Lammet stakk, eg sat att, tomme hender i mitt fang
Ska' tru ko som føregjekk i min tankegang

Refr. (x2)


Tekst og melodi: Terje Tilden.

Terje Tilden: Vokal, gitar.
Jan Tandberg: Bass, trommer/perkusjon.
Tone Martha Eriksen: Vokal.
Håkon Skagen: Bratsj.