Takk tilfeldigheit
Funderte her om dagen på
Kor fantastisk at eg kan stå og gå
Ikkje alle som kan få det te'
Takk for at det står bra te' med meg
:/: Kan 'kje skulde på rettferdigheit
Det er nok mest tilfeldigheit :/:
Så rart å tenke på at eg er meg
Vant kappløpet slek at eg vart te'
At eg vaks opp her te' lands'
Ein annan plass hadde gitt meg mindre sjans
:/: Kan 'kje skulde på rettferdigheit
Det er nok mest tilfeldigheit :/:
Takk for at vi her har det trygt
For at vi kan leve utan frykt
Takk for gode gener som dei ga
At dei går vidare gjer meg glad
:/: Takk for vennskap og kjærligheit
Takk for flaks og tilfeldigheit :/:
Tekst og melodi: Terje Tilden.
Vokal: Terje Tilden.
Piano: Rune Jensen.
Saksofoner: Erik Bentsen.
Gitarer, bass, rytmeinstrumenter og koring: Simen Sveberg Andreassen.