Gå til hovedinnhold

Søvnlaus

Eg ligg under dyna og treng å sovne fort
Men her kjem allslags tankar som eg ikkje får skyvd bort
Til og med ein filleting blir då te noko stort.
Slek grubling og bekymring skulle eg hatt unnagjort.

[Refr.]
Mørk er natta, alt kjennes svart. Å finne eit lysglimt kan då halde hardt.
Så gryr dagen, kjølig og blå. Eit lysegrønt håp må eg tru på for å sjå.

No begynna det å lysne, her kjem ein heilt ny dag!
Ei søvnlaus natt, javel, må vel tåle slekt ubehag.
Eg går ut og pustar inn, og yter med mitt fag.
Vi skal få til dette her, når vi er på same lag!

[Refr.]
Mørk er natta, alt kjennes svart. Å finne eit lysglimt kan då halde hardt.
Så gryr dagen, kjølig og blå. Eit lysegrønt håp må eg tru på for å sjå.


Tekst og melodi: Terje Tilden.
Vokal: Terje Tilden.
Piano og strykeinstrumenter: Arnstein Roch Øverland.
Gitarer, bass og rytmeinstrumenter: Simen Sveberg Andreassen.