Roe ned
Det har vøre ei strevsam tid
Inga pause på ei lang ri
Altfor mykje stress og jag
Med alt å rekke gjøno ein dag
Har sett meg altfor høge mål
Skjøna no eg e' 'kje bygd tå stål
Kjenner at det røyna på
Ikkji sunt med alt «det ein må»
[Refr.]
Eg treng å roe ned,
Eg vil gjera mindre. Finne fred.
Mindre å gjera, meir å vera. A-a.
Det eg treng er å koble av
Droppe krav om «alt det ein ska'»
Dumt å vera tidsoptimist
Klara snaut å halde min eigen frist
Svare «nei» når eg blir spørt
Det har eg sjeldan tørt
Bli tydeleg; seia i frå
Må opp for meg sjøl stå
No set eg meg eit enkelt mål
I peisen å få tent eit bål
Knitring frå ild og glør
Eg blir varm og mjuk og ør
Berre sjå; ingen prestasjon
Flamme-konsentrasjon
Smak tå kaffe-sup
Trekker pusten inn så djup
Tekst og melodi: Terje Tilden.
Vokal: Terje Tilden.
Piano og irske instrumenter: Arnstein Roch Øverland.
Gitarer, bass, rytmeinstrumenter, orgel og koring: Simen Sveberg Andreassen.