Oktober
Gåsetrekket drog mot sør
Svala og lerka tok same veg
Trosten lurer på om han óg bør
For den kalde tida nærmar seg
[Refr.]
Pustar inn ei klar, skarp luft
Sola varmar enno litt
Røyk frå bjørk gjev ei god duft
Lauvtrea viser sluttnummeret sitt
Fargesprakande rogn og lønn
Draktskifte hjå desse trær
No er lia praktfull og skjønn
Rike årstider vi har her
Hentar fram mine varme klær
Ull må te frå topp til tå
Her er føslo1 som eg har så kjær
Tek dei på; skal 'kje fryse nå
Haust betyr ikkje alderdom
Men ein påkrevd kvil
Den legg til rette og gjev rom
Te nytt liv: Berre vent te april!
Tekst og melodi: Terje Tilden.
Vokal: Terje Tilden.
Piano: Arnstein Roch Øverland.
*Gitar: Hallvard Eriksen. *
Bass: Rune Jensen.
Gitarer og rytmeinstrumenter: Simen Sveberg Andreassen.