Myras gull
Går i myra. Den er mjuk, våt og luktar så gødt
Bekken sildra. Det eg leitar etter smakar så søtt
Noko gult og raudt er myras gull
Så mange myrer rundt ein skogs-krull
Kanskje plukke mølte-bytta full?
Skogen susar. Eg høyrer ein fuggel borti eit snar
Myggen surrar. Det svuppar for kvart steg eg tar
Ellers er det forbausande stilt
D'er ei gåve frå naturen; - Så snilt!
Alt her er urørt, vârt og vilt!
Ser ei glenne. Eit grantre spreier greinene vidt
Eg går bort-te. Grana passar på som om det va' sitt
Set meg ned, lyfter greinene bort
Det som syner seg for meg er stort!
Tida som møltekart er unnagjort!
Kryp heilt inn-te. Under greinene har bæra det bra
Detta grantreet. Er min hemmelege møltebær-stad
Må jo smake på mølta her
Legg på tunga den eksklusive bær:
Som å kysse den som eg har kjær!
[Bridge]
Krype tett inn-te her inne
Myras gran; er det ei kvinne?
[Gjenta start på første vers.]
Tekst og melodi: Terje Tilden.
Vokal: Terje Tilden.
Piano: Arnstein Roch Øverland.
Kontrabass: Rune Jensen.
Gitarer, trekkspill og rytmeinstrumenter: Simen Sveberg Andreassen.