Katten
Katten på tunet sit der og ser
Gjer ingenting anna, han berre er
Eg lokkar på han, han ensar meg knapt
Han gjer som han vil, det er vel slek han er skapt
[Refr.]
Så eigenrådig; eg tek av meg hatten
Eg trur 'kje han bryr seg katten
Men han tek omsyn, vår kjære pus
Når han gjer i frå seg ved naboens hus
Eg blir glad når han tek rotter og mus
Men ikkje ta småfuggel'n, da, kjære pus!
Eg må nok godta at du gjer som du vil
Å endre ditt instinkt, det får 'kje eg til
Så kjem du imot meg, gnir deg inntil min kropp
Vil til og med godta at eg lyfter deg opp
Du maler og koser deg, kan ikkje få nok
Så er det brått stopp - du klorer gjennom min sokk
Eg ligg vaken, høyrer katters sang
Dei remjer og freser og slåst natta lang
Då angrar eg på at vi fekk dyret i hus
Men dagen etter er du vår finaste pus
Tekst og melodi: Terje Tilden.
Vokal: Terje Tilden.
Piano: Arnstein Roch Øverland.
Gitarer, bass og rytmeinstrumenter: Simen Sveberg Andreassen.