Det store i det små
Eg er ein heilt vanleg mann, ingen Don Juan
Framstår som kjedelig og tam, langt frå Alfa-hann
Har familie, bil, hus og jobb. Er på ingen måte ein snobb
Eg unngår stress og kiv, vil ha eit enkelt liv
Eg prøver å leite og sjå det store i det små
Eg held meg te det som er kjent; ingen spenningskick!
Aldri ska eg frå ei bru hoppe i strikk
Treft av lynet, eller gå fri? Livet er eit lotteri
Eg unngår stress og kiv, vil ha eit enkelt liv
Eg prøver å leite og sjå det store i det små
Eg treng ikkje Porsche til bil for å ha det bra
Sjøl om meire peng hadde vøre kjekt å ha
Må lykka på så mangt bero? Gløymer då å leve her og no!
Eg unngår stress og kiv, vil ha eit enkelt liv
Eg prøver å leite og sjå det store i det små
[Bridge]
Eg har snubla og trudd at livet gjekk sundt
I fallet blei eg tatt imot tå alle rundt
Då eg frykta at alt sa stopp
Fekk eg hjelp te på ny å reise meg opp
Eg kom meg og fekk ein ny giv, med meir perspektiv
Eg unngår stress og kiv, vil ha eit enkelt liv
Eg prøver å leite og sjå det store i det små
Tekst og melodi: Terje Tilden.
Vokal: Terje Tilden.
Orgel: Rune Jensen.
Gitarer, bass, rytmeinstrumenter og koring: Simen Sveberg Andreassen.