Avskjed
Det er avskjed, og det skjer no.
Eg står aleine der vi før var to
Takk for stunder i godt lag
Vi frykta at dette ville skje ein dag
Mange minner fyller meg
Om alt som var godt ved deg
Det er så trist å ta farvel
Før var det lyst, no vart det kveld
«Ei tid for alt» blir det ofte sagt
Noko er ikkje i vår makt
Og skjebna gjer det skjebna vil
Den treff i blinde med ei giftig pil
Det va' 'kje slek det skulle bli
Men det va' slek det blei i di tid
Urettferdig og meiningslaust
Saknar stemma di. No er det taust.
Eg er glad for at eg har deg kjent
Her har eg eit lys for deg tent
Med takksemd vil eg hugse deg
Du betydde mykje for meg
Minnast vil eg ditt varme smil
Du hadde din eigen stil
Historier kunne eg ha fortalt
Eit «takk», det seier alt
Tekst og melodi: Terje Tilden.
Vokal: Terje Tilden.
Piano, bass, strykere, harpe, horn, klassisk gitar: Arnstein Roch Øverland.
Gitarer og rytmeinstrumenter: Simen Sveberg Andreassen.